Utskriftsvennlig versjon

Om Os kommune

Os_Kommune

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtes. Bergen er næraste nabo i nord. Elles møter bygda Krossfjorden, Bjørnefjorden og Fusafjorden, og grensar mot Samnanger i aust.
Os kommune har 20 000 innbyggarar og er ein av dei raskast veksande kommunane i landet.

Oselvar_roer_72dpi

I 2020 slår Os kommune og Fusa kommune seg saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen vil ha om lag 24 000 innbyggarar.

Kommunesenteret
Osøyro er den gamle strandstaden som har utvikla seg til eit moderne bygdesenter. Osøyro er eit trafikknutepunkt. Her held kommuneadministrasjonen til, og dei fleste offentlege og private tenester både fastbuande og tilreisande treng.

kommunehus

 

folkeliv

 

Areal
Os kommune er om lag 140 kvadratkilometer stort. Mot sør og vest er landskapet låglendt og splitta i mange større og mindre øyer, viker og sund. Mot nordaust pregar fjordlandskapet bygda, med bratte fjordsider, tronge dalar og fjellrekkjer med toppar opp til 840 meter.

Langs landevegen er det tre mil til Bergen sentrum, og like langt til Flesland. Frå Osøyro er det snøggbåtsamband med Sunnhordland. Elles er det ferjesamband frå Halhjem til Våge på Tysnes og til Sandvikvåg på sambandet mot Sunnhordland og Stavanger, og frå Hatvik til Venjaneset i Fusa.

 
 

 

For meir informasjon om Os kommune, besøk vår heimeside

Lik oss gjerne på facebook

 
Laster...