Arkivplan for Os kommune

Arkivplanen gjev bindande retningslinjer for behandling av all informasjon og dokumentasjon i kommunen. Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinjene.

Arkivplanen skal sikre at Os kommune ivaretar arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6:

 Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid.

 

 Oppdatering av arkivplanen skal skje årleg elles når:

  • Eigne arkivskaparar opprettar eit nytt arkiv eller ein arkivdel
  • Det blir tatt i bruk ny arkivnøkkel
  • Eigne arkivskaparar tar i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon
  • Eigne arkivskaparar blir lagt ned eller oppretta
  • Det blir gjort vesentlege endringar i kommunens delegeringsreglement
  • Kommunale oppgåver blir overført til verksemder utanfor kommunen eller at kommunen får oppgåver attende
  • Det blir gjort vesentlige endringar i kommunenes organisering administrativt og eller politisk.
  • Det blir oppretta eller lagt ned styre råd eller utvalg.
     

Leder for Dokumentsenteret skal ha melding om alle endringar med moglege følgjer for arkivet i god tid før dei blir sett i verk og har rett til å uttale seg om dei følgjene dei kan få for arkivet.

 I Os kommune er det rådmannen som har det overordna arkivansvaret. Som rådmann i Os kommune oppmodar eg alle medarbeidarar om å setja seg godt inn i og følgja retningslinjene i arkivplanen.
 

November 2014

Rådmann

Haugsneset - Panorama1